OM MEG

Råbrann.jpg

Keramikkdraumen

Sidan barndomen har eg hatt ein keramikar i magen, av den typen som er meir ein følelse enn en tanke og kvar gong tanken dukka opp skauv eg den vekk og tenkte at det kan ein jo ikkje bli…  så det blei eg ikkje.

Men keramikkdraumen har murra i meg heile tida og i 2014 sto endeleg min eigen verkstad i hagen ferdig og eg starta å lære å dreie keramikk. I mai 2017 hadde eg min første salgsutstilling.

Keramikken min er rustikk, enkel og inspirert av skandinavisk design og wabi sabi; skjønnheten i det uperfekte.

Keramikken min kan du kjøpa i DRIVhuset i Etne. Ønsker du å besøka verkstaden kan du ta kontakt her.

DSC_5722 e X.jpg
Spiral_wedge.jpg

Alt startar med ein klump leire. Den blir knadd klar til dreiing. På dreiehjulet blir den omskapt til eit unikt produkt.

The objects that fill our everyday lives are our constant companions. They should be made with care and built to last, treated with respect and even affection. They should be things of beauty.

— Soetsu Yanagi, japansk filosof

 
Celina_.jpg

Å sjå det ferdige produktet i bruk hos kunden min er ei glede.

Eg ønsker at mine kundar skal oppleva ein følelse av kvardagslykke når dei held det unike, handlaga produktet i handa.